Laster Hendelser

« All Events

ODD NORDSTOGA – KLØYVD TURNÈ

27. februar 2018 @ 19:00 - 21:00

ODD NORDSTOGA – KLØYVD TURNÉ

Odd Nordstoga er klar med eit nytt studioalbum. Albumet, rett og slett ei dobbeltplate, har fått namnet «Kløyvd». Noko av musikken har du kanskje høyrt, sidan seks spor er utgjevne på strøymetenestane i løpet av 2017. Låten «Fri» har du også ganske sikkert høyrt på radio. Den viste seg å vera ein solid radiohit, og verserte på topp 10 på radiolistene til langt ut på hausten.

Dette albumet viser på sett og vis to sider av artisten og låtskrivaren Odd Nordstoga. Den eine sida er akustisk, forteljande og lenande mot vise- og countrygenren. Den andre er meir høgmælt, elektrisk og med kjenslene springande rett ut frå musikken.

Historiane på «Kløyvd» handlar ofte om strevet med å finne forløysing, finne fred, finne heilskap. Det er, som tittelen antydar, ikkje så lett for eg-personane på denne plata. Anten det er ein kval, ein nyskilt mann eller ein forvilla utflytjar det handlar om, så har dei ikkje funne heilt «heim».

Odd Nordstoga og hans fantastiske band gledar seg veldig til å koma ut å framføre denne plata! I tillegg lovast sjølvsagt ein utsøkt bukett låtar frå den etterkvart ganske omfattande back-katalogen. Dette kjem til å bli så moro. Dette kjem til å bli bra!

I bandet:

Øyvind Blomstrøm – gitar
Tor Egil Kreken – Bass
Torstein Lofthus – Trommer
David Wallumrød – Keyboards

Lyd: Anders Aasebøe
Ljos: Marius Schei Johansen

Billetter kan kjøpes ved eBillett eller på Servicetorget i Måløy – Billettene lanseres fredag 24.11 kl 10:00

Detaljer

Dato:
27. februar 2018
Tid
19:00 - 21:00
Hendelse Kategori: