Laster Hendelser

« All Events

Georgs magiske medisin

9. februar 2019 @ 17:00 - 19:00

Passe rampete teater for hele familien. Også for bestemødre, hvis dei tør!

Georg si bestemor er ikkje som andre søte og snille bestemødre. Ho er nifs og syt og klagar og knurrar og bråkar og blandar seg opp i alt mogleg. Georg vil gje ho ein lærepenge. Så når ho skal få medisinen sin, lagar han ein boblande, frådande, magisk medisin, som garantert vil sende ho gjennom taket …

Roald Dahl er ein forfattar i særklasse og har skapt ei verd av uuttømeleg fantasi. Han var alltid på barna si side, og let aldri ein sjanse gå frå seg til å sparke dei som sparkast bør, dei maktsjuke, arrogante, autoritære og dømmande. Vaksne, sjølvsagt.

Men først og fremst får han oss til å le. Og grøsse. Og bli litt skremt (i alle fall ei lita stund inntil alt blir bra igjen). Og så le endå meir. Hans utrulege historier har gjeve stoff til internasjonale storfilmar så vel som fargerike musikalar og fengande barneframsyningar.

Når Riksteatret tar Georgs magiske medisin til scena, engasjerer dei regissør og dramatikar Morten Joachim, som òg sette opp Doktor Proktors prompepulver. Han lovar ei framsyning med mykje musikk og magi, som involverer barna og tar ungane sin fantasi på alvor. Med Georgs magiske medisin skal han setje alt på hovudet og slå seg laus på barna sine vegne – heilt og fullt i Roald Dahl si ånd.

På scena: Ellen Andreassen, Ulla Marie Broch, Espen Mauno, Kristian Winther og Andreas Bratlie.

Dramatikar og regissør: Morten Joachim. Kostymedesigner og scenograf: Gjermund Andresen.

Lysdesigner: Øystein Heitmann. Komponist: Gunnar Eiriksson.

Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater og Haugesund Teater

Framsyninga passar for barn frå 5 år og varer i om lag to timar inkl. pause.

Billettar kan du kjøpe her!

Detaljer

Dato:
9. februar 2019
Tid
17:00 - 19:00
Hendelse Kategori:

Detaljer

Dato:
9. februar 2019
Tid
17:00 - 19:00
Hendelse Kategori: